Kultur for alle - korleis få det til?

Er kultur viktig? Det er feil spørsmål.

Kultur er heilt naudsynt for eit samfunn som legg vekt på demokrati, fellesskap, ytringsfridom og utvikling. Spørsmålet er korleis vi best kan legge til rette for korpsguten, kunstnaren, konsertopplevinga, kinogjengaren, bibliotekbrukaren, museumsgjesten, fotballjenta, det komande talentet - frå det det smale til det breie, og frå underholdning til det utfordrande. Deltaking i kulturlivet har positive verknader. Kunst og kultur gjev opplevingar og meining i kvardagen. Kultur har eigenverdi!

Blogginnlegg av Anita Nordheim,
Kommunalsjef kultur og kommunikasjon i Høyanger kommune

Arbeidet med regional plan for kultur for Sogn og Fjordane 2019 - 2022 er i gang. I planprogrammet er det overordna målet nettopp kultur for alle. I om lag sju tiår har vi no hatt ein etablert offentleg kulturpolitikk der målet er å demokratisere kulturen. « Det er et mål for en demokratisk kulturpolitikk å formidle den høyverdige kulturen til folk flest. Men nå viser mange undersøkelser av kulturformidling og kulturbruk – både i og utenfor Norge – at demokratiseringspolitikken har hatt svært begrensede virkninger » (Mangset og Hylland 2017: 391, Kulturpolitikk - Organisering, legitimering og praksis). Den sosiale differensieringa av folk sine kulturaktivitetar består, men det kulturelle landskapet er langt meir mangfaldig. Skiljelinene mellom høg og låg kultur er ikkje lenger like klåre, mediebruken er digitalisert og breidde- og massekulturen er vorten større.

Lokalt kulturløft

Den norske kulturlova vektlegg at alle skal få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Etter lova er dette eit statleg og kommunalt ansvar, men som vi veit er dette ingen garanti og sikrar ikkje anna enn eit visst minimum. Kulturskuletilbod kan vere eit døme. Kommunar kan ha ein kulturskule som berre gjev gitarundervisning og består av ein tilsett. Eller ein kan ha ein kulturskule som tilbyr fem ulike fagområde, der den nye rammeplanen for kulturskulen er gjeldande med ulike program.

Kulturskuletilbodet vert slik svært ulikt både i omfang og kvalitet. Kulturskulen er den einaste arenaen som finst i alle kommunar (jf. opplæringslova §13) og som tilbyr barn og unge kunst- og kulturtilbod utover det den obligatoriske skulen gjev. Her er det moglegheit for å sikre eit meir likeverdig kulturskuletilbod i kommunane, og dermed auke kulturdeltakinga.

I den nye kulturmeldinga som snart kjem, er det ikkje naudsynt å finne opp krutet på nytt. Eg meiner som fleire andre, at ein bør ta tak i dei utfordringane som Enger-utvalet la fram i Kulturutredninga 2014. Utgreiinga peikar på at den kulturelle grunnmuren, mellom anna folkebiblioteka, kulturskulane og ungdomsklubbane, har sakka akterut. Desse har vorte taparane i den kulturpolitiske ressurskampen og må no bli prioriterte. Ein treng meir likeverdige tilbod i kommunane i heile landet. Vi treng eit lokalt kulturløft.

For å oppnå eit mangfaldig kulturtilbod, er det naudsynt med ei omfattande økonomisk støtte frå det offentlege for å utnytte potensiale og sikre alle kulturell deltaking og oppleving.

Avgjer lommeboka?

Vi treng særleg meir kultur retta mot born og unge gjennom dei etablerte kulturinstitusjonane. Det å få til ei betre tilrettelegging slik at fleire kan bruke kulturtilbodet som er, og fjerne hindringar for deltaking. Tilgangen er framleis i for stor grad bestemt av lommeboka, kva bakgrunn du har, og kvar i landet du bur.

I visjonen til St. meld. nr 10 (2011-2012) vektlegg ein like moglegheiter til deltaking og det å utvikle skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk-, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Men kulturbarometeret frå SSB viser at det er ein klar samanheng mellom inntekt og bruk av kulturtilbod i samfunnet. Pris er ein av fleire faktorar som er med på å ekskludere. Kva med å fjerne pris som hindring, og gje alle born og unge ein «smak» av kulturskulen med til dømes eit 3 månaders gratis tilbod?

Å bli tidleg engasjert i eit mangfald av kulturaktivitetar er viktig for å bli ein kompetente kulturbrukarar. Har du ikkje brukt biblioteket før, veit du ikkje kva det inneber, og har du aldri besøkt eit teater, eit kulturminne, ein livekonsert eller ei kunstutstilling er det vanskeleg å bli kjent med ulike kulturuttrykk. Sjølv om det kan vere lett å få auge på enkelte materielle barrierar, peikar mykje kultursosiologisk forsking på at «barrierene mot kulturdeltakelse først og fremst er kulturelle. Således holder mange seg borte fra teater, kunstutstillingen eller den klassiske konserten fordi de føler seg usikre eller fremmede ovenfor slike kulturytringer og for deres omgivelser» (Mangset og Hylland 2017:199 Kulturpolitikk). Å bruke kulturtilbod gjev auka kulturell kompetanse. Korleis kan vi leggje til rette for fleire?

Kulturavdelinga i kommunane er svært viktig for den kulturelle grunnmuren, for lag og organisasjonar, kunstnarar, profesjonelle utøvarar og frivillige. Vi er avhengig av eit samarbeid mellom ulike aktørar for å utvikle kultursektoren. Kulturavdelinga kan vere eit viktig bindeledd, pådrivar og samarbeidspart i dette arbeidet. Kulturadministrasjonar er under press og mange i sektoren etterlyser nettverk på fleire nivå. Enger-utvalet peikte på at den kulturelle grunnmuren i det lokale kulturlivet er nedprioritert, og ikkje har fått tatt del i det kulturløftet som har vore. Dermed kan vi seie at også lokalt frivillig kulturarbeid indirekte har vore nedprioritert.

Breiare tilbod - breiare deltaking

For elevar i Førde kommune er eit besøk på kunstmuseet i byen ganske enkelt, men for elevar i kommunane rundt er det ei utfordring med omsyn til tidsbruk og transportutgifter. Her bør ein få på plass verkemiddel som syt for at ein i regionen sikrar ein betre og likare tilgang til å få oppleve dei kulturinstitusjonane og kulturfyrtårna som finst.

Eit kulturpolitisk verkemiddel som ein har innført i skulen for å motverke klassekulturell ulikskap, er særleg Den kulturelle skulesekken (DKS). Eit av måla er å medverke til at alle skuleelevar (6 - 19 år) får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Denne modellen er eit vellukka nordisk kulturdemokratiseringstiltak. «Kulturtanken» er Kulturdepartementet sin eigen etat for kunst og kultur til born og unge i skulen, og har no det nasjonale ansvaret for DKS. Den kulturelle spaserstokken, som er eit seniortiltak, er ei anna ordning som sikrar kvalitet og kultur i den målgruppa. I distrikta der det kan vere langt til dei store kulturinstitusjonane, vil dette vere viktige tiltak som bør utviklast og supplerast vidare.

Medierevolusjonen har endra folk sin kultur- og fritidsbruk. Digitaliseringa og ny teknikk skapar nye utfordringar og moglegheiter. Eineståande produksjonar, som til dømes Gallakonserten under Førdefestivalen 2017, er tilgjengeleg for alle gjennom strømming. Kulturpolitikken må legge til rette for bruk av teknologiske nyvinningar for å sikre auka tilgjenge til kulturopplevingar.

Kva no?

Ligg ein kommune langt unna ein stad med eit større kulturtilbod, vil det vere behov for å ha eit breiare kulturtilbod lokalt. Dette vert ikkje tilstrekkeleg tatt omsyn til i kulturpolitikken.

Når rammeoverføringane til kommunane aukar må det også syne att i kulturbudsjetta. Staten styrer i liten grad det kommunale kulturarbeidet gjennom lovgjeving og øyremerka støtteordningar. Kultursektoren kan fort bli ein salderingspost i økonomiske nedgangstider av di andre sektorer har sterkare juridiske bindingar.

Vi ser at «kulturutgiftene til kommunene i Sogn og Fjordane er noe lavere enn landsgjennomsnittet dersom vi holder idrett utenfor. 7 av 26 kommuner bruker mer på kultur enn landsgjennomsnittet ( Telemarksforsking, Norsk kulturindeks 2016:14 – Resultater for Sogn og Fjordane). Vi veit at utgifter til kultur påverkar kulturtilbodet i stor grad, og at kommunane sine føresetnader for eit godt kulturtilbod varierer mykje. Difor bør staten leggje til rette for ei betre samordning mellom stat, fylke og kommune og utjamne geografisk fordeling av kulturmidlar.

Skal vi ha eit lokalt kulturløft og kultur for alle, er det kanskje øyremerka statlege midlar som må til.

 

Høyanger kulturskule foto:Ytre Sogn 

Les flere blogginnlegg

Kategorier

Skribenter

    Norsk kulturforum - NOKU
    Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo.
    Telefon: (+47) 948 37 655,
    E-post: post@noku.no


   © Norsk kulturforum, 2016.
    Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven).
    Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norsk kulturforum.


Utviklet av Imaker as