Kulturadministrasjonar – Foren dykk! No er tida inne!

Slå i bordet med den kulturelle knyttneven

Kultursjef Lennart Fjell, skriver om viktigheten av å styrke kulturloven. Lovpålegging er lik prioritering, mener han, og skriver videre at kommunenes kulturadministrasjoner nå må samles for å kreve en større politisk oppmerksomhet rundt kulturen i hele landet – det er på tide å slå i bordet med den kulturelle knyttneven!


Kulturadministrasjonar – Foren dykk! No er tida inne!
 
av Lennart Fjell 

Vi lever i eit paradigmeskifte, der nye tankar skal over i nye rammar. For oss i kulturadministrasjonane gjeld dette særskilt i gjennom kommunereforma som står på dørstokken til alle kommunar nett no. Ei tid med omvelting, kaos og transformasjon, byr på oppdaterte løysingar, tilpassingar til den nye tid, endring av tidsånd og tankesett, og ikkje minst moglegheiter. I kommunesektoren er kommunereforma og samanslåingar ei slik omvelting/moglegheit – alt etter som – og det er no vi har moglegheita til å omsetja alt som var i Kulturløfta I og II og Enger-rapporten, til noko som snakkar med omverda både lokalt og globalt. Vi bør undersøkja korleis vi kan gjera Kulturlova sterkare og tydlegare, og vi kan ta ein ny diskusjon på det utvida kulturomgrepet – eit omgrep som definitivt treng nytenking, og vi må ein gong for alle befesta kulturfeltet sin viktighet, status og posisjon.

Som kultursjef i fleire år i ein kommune som har prioritert kulturfeltet, har eg likevel sett kvar skoen trykkar. Som styremedlem, og no leiar av NOKU Hordaland, har eg fått innspel i mange år på utfordringane ein har i kulturadministrasjonane. Og det dannar seg raskt eit mønster. Kulturfeltet har ekspandert kraftig berre dei siste ti åra, og behova har auka. Det kan alle kulturadministrasjonar melda – som noko positivt.  Men i alle kommunar er ein frå politisk hald veldig klar over kva i kulturfeltet som ikkje er lovpålagt. Ein er no veldig klar over at kulturskulane er det, og biblioteka. Men kva med resten? Kva med arbeidsfelta knytt til ungdom, idrett, friluftsliv, teater, e-sport, spelemidlar, kulturminne, sosiale medier, informasjon etc. etc. Kva med alle kulturstabane og kultursjefane? Kva med ressursane som blir gjort tilgjengeleg? Kva med KOSTRA-rapportering? Og det kan vera så mykje meir.

Det er store forskjellar mellom kommunane, og det er i vert fall fire ulike sjikt å skilja mellom der ein finn ulike styrkegrad: små kommunar, mellomstore, store kommunar og bykommunar. I variabel grad, men alltid til stades, vert kulturadministrasjonane og kulturfeltet møtt med konsekvensane av å ikkje vera lovpålagt. For med lovpålegging kjem status og prioritering. I ei liste over tiltak ein treng hjelp frå andre tenesteområde til å realisera, som jamvel kan vera politisk godt forankra, endar ikkje-lovpålagde ting langt ned på lista. Og nye lovpålagde tiltak blir lagt på toppen gong på gong. Gjennomføringsemna til kulturadministrasjonane vert difor og skadelidande i so måte. Og om ein i tillegg ikkje har ein kultursjef eller leiar med god kontaktflate opp i systemet eller som sit i sjefsteam og liknande, så går det om enn endå treigare.

- Ikkje-lovpålagde ting ender langt ned på lista

Det er instrumentelle grep som må til, og lovpålegginga av bibliotek og kulturskule viser at det funkar – det kjem ein ikkje bort i frå. Dette kan gjerast gjennom Kulturlova, og vi kan peika på det no gjennom innspel til kulturmelding og i arbeidet knytt til kommunereforma. Det er no vi har sjansen, men då må vi gripa den saman.

Den nye kulturministeren er det mange forventningar til. Det er vel og bra at ministeren lenge har hatt kulturfeltet som «sitt» felt, men no må det handlast. Ho har sjansen til å bli den ministeren som gjennom kulturmeldinga, kommunereforma og ei ny nasjonal kulturpolitikk endeleg pålegg kommunar av alle storleikar til å ha nok administrativt tilsette innanfor kultur, framoverlente digitale verktøy, og meir lokale insentivmidlar – som faktisk får styrka det lokale kulturlivet. Kulturlova er allereie utdatert, og at kultur (i den vide tyding) er kanskje den viktigaste byggeklossen i samfunnet, er støtta av all verdas forsking, så det er på høg tid å lovpålegga meir og tydlegare kulturfeltet i kommunane. Gjennom bibliotekslova, og ikkje minst kulturskulelova, VEIT vi at lovpålegging fungerer. Det kunne blitt eit instrumentelt grep, som ville, i løpet av kort tid, gjera underverk for det lokale kulturlivet, for kulturadministrasjonane, og dermed kommunane og kultur-Norge.

Behovet er udiskutabelt, men så lenge spørsmål om det er lovpålagt eller ikkje dukkar opp, særskilt i reformtider med effektiviseringsspøkelset hengane over, så blir dette feltet aldri prioritert nok! La dette ikkje vera ein kritikk til alle kommunar, for nokre kommunar verdsett dette i stor grad, og nokon vil og vera over eit minstekrav slik presentert i dette innlegget. Men her snakkar vi om den store heilskapen.

Kulturfeltet sjølv har vore si eiga hemsko når det gjeld dette spørsmålet, og nokon kontrar med at dette vil hindra lokalt sjølvstyre og utvikling, og ikkje minst det kreative rom. Men desse mytane må anten leggjast død eller konkretiserast slik at ein kan gjera noko med det i eit potensielt lovutkast. Kulturadministrasjonane skal i hovudsak leggja til rette for det eksisterande kulturlivet, stimulera til ny aktivitet og liknande – ikkje stå for kreativiteten åleine. Når har til dømes fast tilsette i eit felt hindra kulturlivet i å utvikla seg vidare? Eg reknar med at dei positive effektane av å lovfesta bibliotek og kulturskule er tydlege nok til at alle forstår at ei slik instrumentell endring av lovar og reglar gjennom kommunereform og ny kulturlov, vil føra til styrking. Til skade vert det i alle fall ikkje.

Ei kommunereform innbyr til endring, og det er no det er tida for at kulturlivet seier frå, for kulturfeltet har blitt via altfor lite fokus knytt til dette arbeidet. Gjennom sikring av kulturadministrasjonar, lokale kulturmidlar og gode digitale løysingar og rammeverk, vil kommunereforma denne gongen faktisk ha ein effekt – ein effekt som det ikkje har blitt lagt til rette for tidlegare. Den kulturministeren som er lur og sikrar dette, vil få eit enormt tilfang av potensielle velgjarar. Og la meg peika på dette: Kulturlivet – lokalt, regionalt og nasjonalt – har ei særs sterk røyst, kanskje av dei sterkaste. Så la oss i kulturfeltet stå saman om dette kravet til den nye kulturministeren og sikra ein ny Kulturlov gjennom arbeidet med Kulturmeldinga og kommunereforma.

Så kva bør sjåast på?

• Krav til kompetanse på den/dei som skal arbeide i kulturavdelingane må og opp. 
• Fylkeskommunane må i større grad sørgja for kompetanseheving/krav for kulturadministrasjonane etter den nye reformen. 
• Ein del av midla, som i dag ligg hos både sentrale råd og institusjonar, samt fylkeskommunane, bør går direkte til kommunane, som igjen enklare får fordelt direkte til gode lokale prosjekt. Rammetilskota MÅ aukast – på den eine eller andre måten.
• Ein kvar kommune SKAL ha ein eller anna form for samanslutnad for frivillige lag og organisasjonar, som kommune skal spørja om råd ved tildelingar av midlar. Dette kan vera idrettsråd, amatørkulturråd, og liknande.
• Ein formel knytt til innbyggjartal skal sikra nok tilsette i kulturadminstrasjonane. 
• Kvar kommune skal ha ein kultursjef eller leiar, som bør ha direkte innpass i leiarteam tett på rådmann og politisk organisasjon.
• Kvar kommune bør få disponera gratis eit digitalt rammeverk for god formidling av tenester i kulturfeltet.
• Re-tenking av det utvida kulturomgrepet 
Og kva kan dette føra til?
 
• Ein trygg og udiskutabel og fagleg styrka kulturadministrasjon i ein kvar kommune
• Eit felt som har fått tydeleggjort kor viktig samfunnsbyggar det er, og som har sin forkjempar inn i administrativ og politisk leiing gjennom kultursjefar/-leiarar som har lova i ryggen.
• Eit felt som, gjennom god digital fasilitering hos både kultursektoren og administrasjonane, frigjer menneskelege ressursar og tid – sosial og kulturell intelligens vert framtidas største verdi.
• Eit felt som har større og større grad av face-to-face-relasjonar med kvarandre.
• Eit felt der gjennomføringsevna har auka dramatisk, og som meir og meir faktisk tar hand om utfordringane knytt til inkludering, integrering og folkehelse.
• Kommunar som har sikra at rammene for limet og smøringsmiddelet i samfunnet – det lokale kulturlivet – er gode nok.
• Store kommunale innsparingar på andre tenesteområde som helse, omsorg og sosial.
• Kommunar som kommuniserer og snakkar det same språket som sine innbyggjarar.
• Alle kommunar vil ha robuste kulturadministrasjonar som har ressursar og kapasitet til å vera drivkrafta i det lokale kunst - og kulturlivet!
Og til slutt: Eit sterkt lokalt kulturliv som den viktigaste samfunnsbyggar!
 
Kulturlova og NOKU

For å få realisert alt dette er det eit instrumentelt grep som må bli tatt – kulturadministrasjonane må lovpåleggjast, og der lovpålegginga allereie er på plass, må den utvidast og konkretiserast. Om ein supplerer med krav om gode lokale, nasjonale og globale digitale verktøy for dei oppgåvene ein finn i kulturfeltet – så er plattforma klar for dei nye dynamiske og handlekraftige kulturadministrasjonane framtida vil krevja, klare.

NOKU har no teke eit fast grep om dette, og har oppretta eit utval som fram mot våren skal sjå på korleis ein kan styrka Kulturlova - jamfør det som står over. NOKU ser at ein då treng å samla alle kulturadministrasjonane til dette felles løftet, og skapa den krafta som trengs for å faktisk få dette gjort. Kulturpolitikken for særskilt lokalt kulturliv skal no endrast, og det er vi som må seia i frå.

- Då trengs den kulturelle knyttneven, som vi så altfor lite har nytta tidlegare. Det er kraft der, men vi må stå samla om den!

 
NOKU-bloggen skal bidra til åpen dialog og meningsutveksling. For å tydeliggjøre roller ønsker vi å spesifisere at dette blogg-innlegget inneholder ytringer som ikke er skrevet på vegne av NOKU-Hordaland eller NOKU sentralt, men Lennart Fjell sin enkeltstående mening.

 
 
Les flere blogginnlegg

Kategorier

Skribenter

    Norsk kulturforum - NOKU
    c/o Sentralen, Postboks 183,Sentrum, 0102 Oslo
    Besøksadresse: Øvre Slottsgate 3
    Telefon: (+47) 948 37 655, 

    E-post: post@noku.no


   © Norsk kulturforum, 2016.
    Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven).
    Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norsk kulturforum.


Utviklet av Imaker as