Frå kåringa av Noregs kulturkommune 2009, Foto Silje Hjelle Strand

Noregs kulturkommune 2011: Kandidatane er klare

Jakta på den beste kulturkommunen i landet er starta. Hausten 2010 nominerte fylkeslaga i Norsk kulturforum 11 kandidatar som er med i kampen om tittelen Noregs kulturkommune 2011.

- Vi har fått inn mange gode søknader i år. Det er stor variasjon mellom søknadskommunane, både i innbyggjartal, kulturtilbod, kulturplanlegging og organisering. Kvaliteten på søknadene er høg, så det vert ei utfordring å velje ut kandidatar som går vidare til den store finalen og kåringa 5. april, seier Jorunn Bøe, juryleiar og leiar i Norsk kulturforum.

Prisen blir tildelt ein kommune som i særleg grad har markert seg med ein allsidig innsats for kulturlivet gjennom samarbeid, kreativitet og nytenking. Det vert lagt vekt på langsiktig planlegging og forankring av kulturlova i eige planverk, tilrettelegging for gode ordningar i det daglege kulturarbeidet og utvikling av nye utradisjonelle tiltak. I tillegg blir det lagt vekt på involvering av lokale frivillige og profesjonelle kulturaktørar og arbeid med kultur som stads- og samfunnsutviklar.

I tillegg til juryleiar Bøe, sit Hans Clementz frå KS og Gunn Karin Gjul frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget i den nasjonale juryen. 

Dei nominerte kommunane er: Bodø i Nordland, Røyrvik i Nord-Trøndelag, Ørland i Sør-Trøndelag, Eid i Sogn og Fjordane, Lindås i Hordaland, Sandnes i Rogaland, Skien i Telemark, Arendal i Agder, Stokke i Vestfold, Nes i Buskerud og Sarpsborg i Østfold.

Les meir om Noregs kulturkommune her.

    Norsk kulturforum - NOKU
    Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo.
    Telefon: (+47) 948 37 655,
    E-post: post@noku.no


   © Norsk kulturforum, 2016.
    Alt innhold er beskyt